I valt, og dei må seinare spele kjærastar, for

 

I eit framtidsbasert USA finn ein nasjonen
Panem. Hovudstaden i Panem er ein velståande og høgteknologisk by som heiter
Capitol. Utanfor Capitol er det tolv distrikt der det er naud og svalt blant innbyggjarane,
medan styresettet i Capitol styrar direkte vondt og nådelaust. Dei har kontroll
over alle tolv distrikta, og innbyggjarane får lite fridom. Kvart år blir alle
distrikta tvinga til å sende ein gut og ei jente til dei årlege dødsleikane. Dei må vere mellom tolv og atten år gamle, og
dei blir tilfeldig valde. Dødsleikane er det
mest populære programmet som går på TV, og det er underhalding for heile populasjonen. I leikane er det enkelt og greitt, ein kamp om liv og
daud. Den som vinn får heider og ære, og
blir eit slags ikon. Frå den
tolvte og fattigaste distrikta kjem Katniss Everdeen.

Ho er sta og tøff, men veldig
omsorgsfull. Sidan far
hennar er daud, er det ho som tek seg av
familien, som består av mora hennar og litlesøstera. Ho er veldig flink til å overleve i naturen, ved hjelp
av pil- og bogeferdighetane hennar. I det tilfeldige valet blir litlesøstera hennar på tolv år, Prim, vald. Derfor vel Katniss å ta plassen hennar i leikane. Peeta Mellark er guten som blir valt, og dei må
seinare spele kjærastar, for underhaldinga si skuld. Til slutt i dødsleikane,
endar det me at det berre er dei to igjen, og det betyr at ein av dei må ta
livet sitt. I det sekundet dei begge skal ete giftige bær, så endrar styret på
reglane, og dei vinn dødsleikane begge to.

We Will Write a Custom Essay Specifically
For You For Only $13.90/page!


order now

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Samandrag av Opp i flammer

 

Denne boka starter med at Katniss og Peeta kjem heim til dei nya husa
sine i Distrikt 12. Katniss får besøk av President Snow, fordi handlingane
hennar i lekane har inspirert opprørarar i forskjellige distrikt, og han truar
henne. Kvart 25. år er det spesielle leikar. Dette året er det 75. og President
Snow bestemmer at dødsleikane skal bestå av tidligare vinnarar, og derfor må
Katniss og Peeta vere med igjen. I leikane får dei seg fleire allierte, og det
ender med at Katniss skyt ei elektrisk ladd pil opp i kraftfeltet som omgår
banen. Kraftfeltet sviktar, og det eksploderer. Mange blir skadd, men rebellar
flyr inn og reddar dei fleste. Katniss er bevisstlaus, og då ho vaknar og
innser at Peeta ikkje blei redda, blir ho forbanna. Dei tek Katniss med til
Distrikt 13, som alle trudde var øydelagd, men som eigentleg er hovudkvarteret
til dei nye opprørarane. Katniss får vite at Distrikt 12 er øydelagd og alle er
myrda, men familien hennar er trygg. Dette er starten på borgarkrigen, og
slutten på boka. Katniss Everdeen blir ansiktet til opprørarane mot staten.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Antikken

 

Antikken var ein periode frå ca. 700 år f.Kr. til 500 e.Kr som var
dominert av romersk og gresk kultur. Språket, litteraturen og arkitekturen frå
den greske kulturen har fått spesiell stor innverknad på seinare samfunn. Dei
to mektigaste og mest kjente bystatane var Athen og Sparta. Grekarane budde i
bystatar, som heitte polis. I starten var dei styrt av ein høvding, men seinare
fekk dei mektige aristokratar eller tyrannar.

Frå rundt år 500 f.Kr. fekk dei demokrati i Athen, som var den ledande byen
i antikkens Hellas. Det var avgrensa demokratisk og slavar var heilt vanleg.

Befolkninga var delt inn i tre grupper: borgarar, framande og slavar. Borgarane
arva jord og deltok i forsvaret av bystaten. Borgartittelen gjekk i arv. Dei
framande var folk utanfrå som ikkje eigde jord. Dei drev som regel med handel
eller handverk. Slavane hadde ingen rettar og blei sett på som eigedom. (Tone
Steen 2018)

 

Sparta var eit erobringsrike, som la under seg landområdet og tvang den
opphavlege befolkninga til å arbeide for dei som ufrie bønder, som ein kalla helotar.

Det var femten til tjue gangar meir helotar enn det var spartarar, men det var
dei som blei undertrykte brutalt av spartarane. Undertrykkinga besto også av
organiserte tokter og drap, og det var for å unngå opprør. Helotane sørga for
all matforsyning til spartarane. Styresettet i Sparta blir kalla oligarki eller
fåmannsstyre. Folkeforsamlinga valde 28 menn over 60 år i eit eldsteråd til å
styre. Fem oppsynsmenn såg til at lovane blei følgt. To kongar leda ofringane
til gudane og kommanderte troppane i krigar. (Tone Steen. 2017)